English
English

Historikk

Publisert 24. juni 2009 av Nina Yndestad under Om garden

Kårbustaden på Yndestad var bygd i 1930 og er rehabilitert ein rekkje gangar, sist i 2006. Den ligg i vakre omgjevnader ved Yndestad vatnet i Guddal.

Garden har vert i Yndestad familien dei siste 200 åra, og har gått i arv frå far til son. I 1950 overtok Norvald Yndestad og dreiv tradisjonelt jordbruk med grønsaker fram til 1965. Han gifta seg med Bertine Noven frå nabogarden og saman fekk dei 5 born.

I 1966 endre ein driftsform til mjølkeproduksjon av geit, dette varte fram til år 2000. Kårfolka på Yndestad i dag, Oddleiv og Marit tok over garden i 1975 og det var dei som la grunnlaget for meir moderne drift der ein satsa på turisme. Da Nina flytta heim med familien i 2005 og fekk overta garden, satsa begge generasjonane på å vidareutvikle garden til ei overnattingsbedrift, med tilbod til gjestane om tradisjonell norsk mat.

Herfrå gjekk det slag i slag. Servicebygg med dusjanlegg, toalett, sauna og solarium stod ferdig i 2006. I 2008 bygde ein på med serveringslokale til 120 personar. Så no er det mogeleg å lage til det meste av aktivitetar og festleg heitar på garden….

For booking eller andre spørsmål:

Telefon 99 29 98 97 eller epost post@yndestadgard.no

Telefon 99 29 98 97 - post@yndestadgard.no - Copyright © 2009 Yndestad Gard
Utviklet og levert av CodeService.no - Drevet av CodePublish